Ved transport av temperaturfølsomt gods er det strenge krav til rett temperatur under heile transporten. Det er også spesifikke krav i lover og føreskrifter for denne typen varer. Gods som har behov for temperert transport kan vere næringsmiddel med krav til temperatur, mellom anna frukt, meieriprodukt, kjøt og fisk, men også kjemiske produkt, som legemiddel eller måling.
Transportørar som fraktar kjøle- og frysevarer må føre vaskelogg etter krav fra Mattilsynet. Det skal vere ubroten kjølekjede. Godt reinhald og riktig temperatur er ekstremt viktig.
Transport- og logistikkmedarbeidaren må følgje krava i matloven og ha rutiner for:
- Reingjering av transportmiddel, lager og terminalar.
- Kontroll og overvåking av temperaturen ved transport av matvarer.
Sjømat og frukt, grønsaker og kjøt samt andre landbruksprodukt skal oppbevarast i rett temperatur for å hindre at farlege bakteriar skal formeire seg og øydelegge varene. Myndigheitene har sett strenge krav til lagrings- og oppbevaringstemperatur for slike varer som yrkessjåførar og logistikkoperatørar må overhalde.
Sjåføren skal overvake og rettleie under lasting og lossing av temperaturfølsomt gods. Sjåføren skal sjekke temperaturen ved mottak, under transport og ved lossing av temperaturfølsomt gods. Temperaturmålingane loggførast, slik at temperaturen kan dokumenterast frå avsendar til mottakar. Sjåføren må og sjekke at kjøleaggregatet er i orden og viser riktig temperatur. Ved driftsstopp må han følgje selskapet sine prosedyrer for handtering av feil på kjøleaggregatet.
Lasterommet i bilane kan innreiast med ulike temperatursoner ved hjelp av skyvbare veggar. Dermed kan det etablerast ei frysesone, ei kjølesone og ei tørrvaresone. I godkjende termobilar kan temperaturen tilpassast mellom +15 grader celsius og –18 grader celsius.
Hovedkundane til Thor Tenden Transport AS er Nordfjord AS og Rema Distribusjon. Vi har daglege avgangar frå Nordfjord AS i Loen til Rema sine terminalar, for videredistribusjon ut frå Bergen, Stavanger, Vinterbro, Trondheim og Narvik.
Vi køyrer daglege avgangar mellom Bergen og Trondheim, og har vekentleg trafikk frå Bergen, Stavanger og Trondheim i retning Austlandet, hovedsakleg Oslo-området.
Thor Tenden Transport AS har omlag 16 bilar og lastbærarar i dagleg drift.
Returlast er som oftast matvarer, stykkgods og partilast.