Selskapet vert styrt frå Visnes i Stryn.

Tenden-selskapa har som målsetting «rett bil med rett sjåfør på rett tid og stad». Selskapa har i dag ein moderne bilpark med rett utstyr tilpassa kunden sine ynskjer og behov.

Selskapa er sterkt opptekne av miljø. Vi har fokus på miljø og bærekraft og vi har løpande og tett dialog med leverandørene våre. Vi følgjer med på utvikla!

Alle bilane i begge selskapa er utstyrt med Euro 6 motor. Dette betyr låge utslepp av farlege gassar og partiklar samt lågt forbruk.

Vi set høge krav til våre tilsette og til uniformering av bil og sjåfør. I tillegg følgjer vi nøye opp forbruk og legg vekt på ein defensiv køyrestil langs vegane.

Vi er stolte av å kunne seie at vi har ekstremt god kontroll på kvile- og køyretid, samt har ein svært god policy på fart og køyreadferd i trafikken.

Vår daglege leiar, Rolf Olav Tenden, er oppvaksen i transportbransjen. Rolf Olav starta som 20-årig grunder opp med 5 lastebilar. I 1987 tok han over Thor Tenden Transport AS etter sin far, Thor, då firmaet gjekk over til å verte eit aksjeselskap.

Rolf Olav er eigar av Tenden AS, Thor Tenden Transport AS og Tenden Brygge AS.

Tenden AS har rundt 10 fast tilsette og omset for rundt 30 mill NOK pr år.

Terminal/lager

500 m2 terminal, varmelager.

1.500 m2 plasthall, lagring av tørrlast, dvs gjødsel og kraftfor.