Om Tenden

Tenden er ei tradisjonsrik verksemd som har over 70 års erfaring i bransjen. Selskapa har i dag rundt 40 køyretøy og ca 50 tilsette.

Selskapa

Tenden består av 2 selskap, der alle blir styrt frå felles kontor på Visnes i Stryn.

Rett bil med rett sjåfør 
på rett tid og stad

Tenden-selskapa har som målsetting «rett bil med rett sjåfør på rett tid og stad». Selskapa har i dag ein moderne bilpark med rett utstyr tilpassa kunden sine ynskjer og behov.

Moderne bilpark i tradisjonsrik verksemd

Thor Tenden overtok Stryn Dampskipsekspedisjon i 1947 etter sin bror Ole, som deretter berre tok seg av utkøyring av varer frå verksemda. Hovudaktiviteten var drift av kaia i Stryn med rutebåtar frå Bergen i regi av Fylkesbåtane i Sogn og Fjordane.

Vi er stolte av våre tilsette!

Tenden set høge krav til sine tilsette og til uniformering av bil og sjåfør. I tillegg følgjer vi nøye opp forbruk og legg vekt på ein defensiv køyrestil langs vegane.

– Vi har ekstremt god kontroll på kvile- og køyretid.
– Vi har en svært god policy på fart og køyreadferd i trafikken.
– Vi følgjer strengt opp lover og regler.

Berekraft

Selskapa er sterkt opptekne av miljø. Vi har fokus på miljø og bærekraft og vi har løpande og tett dialog med leverandørene våre omkring dette emnet. Vi følgjer med på utvikla! Alle bilane i begge selskapa er utstyrt med Euro 6 motor. Dette betyr låge utslepp av farlege gassar og partiklar samt lågt forbruk.

Distribusjonsruter

Tenden har transport Stryn-Oslo/Austlandet, Stryn-Bergen, Stryn-Trøndelag, samt dagleg distribusjon Stryn-Nordfjord/Sunnfjord.