Partilast er større mengder varer som transporterast som ein eining, vanlegvis for ein enkelt mottakar eller mottakarar på same stad. Partilast kan fylle heile lasterommet på eit transportkøyretøy. Partilaster kan bestå av varer frå ein eller fleire avsendarar, men dei er alle meint for same destinasjon.

Ved transport av stykkgods krevst det at lasta plasserast slik at det ikkje kan oppstå skade. Godset inneheld som regel fleire godstyper med ulik vekt og storleik. Ved opplasting må ein vurdere korleis lasta kan sikrast på en forsvarleg måte.

Thor Tenden Transport AS sine hovedkundar innan stykkgods og partilast er Hagen AS og Norgesvinduet Bjørlo AS. For Hagen AS transporterer vi trapper direkte frå fabrikk til kunde/byggeplass. Det same gjeld transport av vindu for Norgesvinduet Bjørlo AS, vi transporterer direkte frå fabrikk til kunde/byggeplass.

Vi har spesialbygde bilar og hengarar for å unngå bruk av terminalar. Ved direkte trafikk utan omlasting unngår vi problem med skade på gods.

Faste ruter kvar veke gir svært god forutsigbarheit og kontinuitet for kundane og sjåførane våre. Vi har faste avgangar kvar veke frå Nordfjord til Sør-Vestlandet og Austlandet.