Vi er spesielt opptekne av at våre lærlingar skal få prøve mykje ulikt utstyr slik at dei får ei stor breidde i si læreperiode. Vi har flotte bilar og mykje nytt utstyr, så utstyret som vert utprøvd er av det beste på markedet. Vi har stor breidde i selskapet sidan vi har mange ulike tenester som termo, vindu, trapper, distribusjon, slakteavfall, kraftfor, walking floor, etc.

Mange lærlingar skaper godt miljø og kultur, så for Tenden er dette ein vinn-vinn situasjon.

I Tenden AS og Thor Tenden Transport AS er vi stolte av å kunne seie at vi har ei leiing som fokuserar på og sikrar god opplæring.