Gods for utgåande trafikk er typisk ferdigvarer av kjøt, trapper og vindu samt søppel til forbrenning. Alle bilane går i faste oppdrag over store deler av Noreg til og med Trondheim, men vi har kapasitet til ytterlegare gods.
Selskapet vert styrt frå Visnes i Stryn.
Tenden-selskapa har som målsetting «rett bil med rett sjåfør på rett tid og stad». Selskapa har i dag ein moderne bilpark med rett utstyr tilpassa kunden sine ynskjer og behov.
Selskapa er sterkt opptekne av miljø. Vi har fokus på miljø og bærekraft og vi har løpande og tett dialog med leverandørene våre. Vi følgjer med på utvikla!
Alle bilane i begge selskapa er utstyrt med Euro 6 motor. Dette betyr låge utslepp av farlege gassar og partiklar samt lågt forbruk.
Vi set høge krav til våre tilsette og til uniformering av bil og sjåfør. I tillegg følgjer vi nøye opp forbruk og legg vekt på ein defensiv køyrestil langs vegane.
Vi er stolte av å kunne seie at vi har ekstremt god kontroll på kvile- og køyretid, samt har ein svært god policy på fart og køyreadferd i trafikken.
Vår daglege leiar, Tore Wallestad, har 40 års fartstid i transportbransjen. Tore er født i 1965, gift med Anne-Siv og bor i Stryn. Han jobba først 10 år i Thor Tenden Transport som sjåfør og deretter befraktar før han i 1993 starta i Nor-Cargo/Sties (som seinare vart til Posten og Bring-systemet). Her hadde han ulike leiarroller innanfor sal og drift som avdelingsleiar, KAM, regionssjef, salsdirektør og driftsdirektør for termotransport. Siste 12 åra og fram til han slutta i 2020 jobba han ved hovedkontoret i Oslo.
Frå 1. april 2020 kom Tore attende til Thor Tenden Transport AS og starta som dagleg leiar i bedrifta.
Thor Tenden Transport AS har rundt 40 fast tilsette og omset for rundt 100 mill NOK pr år.